F O R S I D E    |    A R K I V    |    3 - 9 9

Heimvitjinga

Av Helge AndrŽ Holme

Det var godt å kjenne vestlandsvinden rive i kleda igjen.

Mor opna døra då eg kom opp grusvegen.

— Ja, der kjem du ja, sa ho.

Eg visste ho ville kome slik. At ho sat og venta ved stovevindauga. Eg hadde aldri likt at ho pla sitja der, det fekk meg til å tenkje på kallenamnet hennar eg ein gong hadde høyrt på butikken, Potteplanta. Eg gjekk opp på rommet mitt med kofferten, pakka ut og gjekk ned i stova.

— Det bles vel godt over fjorden. Var det Lars som tok billetten på ferja?

— Ja, det var han. Eg skulle helse.

— Lars har vore så mykje sjuk, dei finn ikkje ut av kva det er.

— Ja, han sa det.

Mor gjekk ut på kjøkenet.

— Eg har koka kaffi, du vil vel ha?

— Ja takk, sa eg.

Eg sette meg i sofastolen framfor TV´en. Mor kom inn i stova med kaffi og lefser.

— Eg baka dei i går, sa ho. — Eg skal varme opp middag til deg. Du er vel svolten etter den lange reisa.

— Nei, eg har ete, eg fekk mat på flyet.

Mor gjekk ut på kjøkenet igjen. Ho kom inn i stova, la ei banan på bordet ved sida av stolen eg sat i.

— Det er frukt ute i skapet, sa ho.

Eg byrja å lese i lokalavisene som låg klare til meg i to bunkar. Mor henta strikket sitt frå syskuffa i veggseksjonen. Ho prata om Else og Lars. Lars hadde vore i banken for å sperre av pengeuttaket til Else. Han var lei av at Else handla i aust og vest på postordre. Mor sa at ho aldri hadde handla på postordre, at ho hadde klart å halde seg vekke. Det var sokkar mor strikka. Ho prøvde dei på foten min, dei var halvferdige.

Mor haldt opp med å prate ei stund. Ho berre strikka, litt fortare, eg høyrte det på strikkepinnane. Ho kremta. Farten på strikkinga blei vanleg igjen.

— Jorunn har flytta i frå mannen sin. Ho har tatt ungane med seg òg. Else ville at dei skulle kome heim til ho og Lars, men Jorunn ville visst finna seg eit eige husvere. Dei skal flytte inn i gamle-huset til Knut. Det skjønar eg godt, Jorunn treng meir plass med to små ungar. Hugsar du Oddvar, at du og Jorunn sa de skulle gifte dykk når de vart vaksne?

Eg svara ikkje. Ho hadde fortalt historien om meg og Jorunn mange gonger før.

Mor byrja på nytt.

— Eg trur dei har vore gifte i ni år. Var ikkje du Oddvar 23 år då ho gifta seg?

— Jo.

Eg skulle ikkje ha svart, eg visste ho ville ta det som en invitasjon til fleire spørsmål. Eg såg på klokka. Reiste meg raskt ut av stolen. Sa:

— Oj, me må ikkje gå glipp av sporten.

Eg skrudde på TV´en. Lyden var stillt høgt frå før. Eg lot avisa liggje open i fanget. Sokkane vart ferdige. Mor kasta dei kjekt bort til meg, me smilte begge to, dei passa. Mor gneid seg i augane med handbakane. Ho gjekk og la strikkepinnane i skuffa. Ho sa:

— Det er søppeldag i morgon.

Ho gjekk ut for å binde bossekken og leggje han nede ved vegen. Då ho kom inn igjen sa ho at det var reine sengeklede på senga mi. Ho geispa, men vart sitjande ei stund før ho sa eg måtte stengja lyset når eg skulle leggje meg, men at varmeovnen berre kunne stå på. Ho sa ikkje god natt, hadde aldri pla seie det, berre ein avsluttande beskjed før ho gjekk og la seg. Eg vart sitjande og lese meg ferdig med lokalavisene, dei var dårleg skrive, men eg bestemde meg for å ringje kontoret deira neste dag for å høyre om det kunne la seg gjere å få avisa tilsendt i Oslo.

Eg høyrde stemma til Else under meg på kjøkenet då eg vakna. Ho var i godt humør. Pratesjuk som alltid. Eg vart liggjande i senga så lenge urinblæra tillot det. Else var der enno. Ho venta på meg.

— Nei, sjå kven som kjem her. Eg kjende deg nesten ikkje igjen, så tynn og vaksen du har blitt.

— Hei Else.

Eg såg at ho var blitt enda rundere og raudere i kinna, men sa ikkje noko om det.

— Ja, Jorunn og ungane har flytta heim, men det høyrde eg mor di har fortalt deg. Du må ta deg ein tur til ho.

Eg sa at det skulle eg gjere, men at det måtte bli en liten tur, for eg skulle berre vere heime i helga. Else sa at eg var sjelden heime, at ein nesten skulle tru eg budde i Amerika. Hadde eg fått meg dame? Hadde eg vore heime sidan jul? Eg sa nei begge gongar og gjekk inn i stova. Ho hadde fleire spørsmål. Eg høyrde dei prata om meg der ute på kjøkenet. Noko om at eg framleis var lærar.

Eg gjekk bort til Jorunn etter middagen. Me hadde lite å prate om. Ho snakka om ungane sine. Jorunn hadde mala om stova. Det hang fortsatt lukt etter Knut i vindfanget og i gangen. Me drakk eit par koppar kaffi. Ungane var svoltna. Jorunn skulle lage middag. Eg gjekk heim.

Mor var glad då eg kom. Kaffimaten var klar. Nordlandskaker. Mor spurde om Jorunn hadde fått det kosleg. Eg fortalde at ho hadde måla om stova. Mor sa at det ikkje kunne vera lett for Jorunn med to ungar.

Dagsnytt var ferdig. Mor gjekk til syskuffa. Ho fant fram eit gammalt Allers, ho viste meg ein hekleduk i hardangermønster ho skulle byrja på, at Else hadde ein maken, men i ein annan farge. Det var ikkje mykje på TV, men eg vart sitjande og sjå. Mor starta på duken.

Etter eit par timar sa mor at ho var trøtt i augene, ho la heklesakene tilbake i skuffa. Ho sette seg i stolen att. Prøvde å fange opp det som skjedde på TV´en. Eg hjalp til. Ho gav opp etter ei stund.

— Møter du ingen jenter nokon gong, Oddvar?

Ho var bekymra i stemmen. Eg sa eg prøvde å følgje med på TV´en, at ho ikkje skulle forstyrra.

— Eg lurde berre på om du hadde fortalt meg det om du hadde ein kjærast, sa ho. Ho satt litt til, spurde verken meir om meg eller det som føregjekk på TV´en. Eg haldt augene på skjermen. Mor gjekk ut av stova. Ho vart borte lenge. Eg henta eit teppe og la i stolen. Han var vond å sitje i.

Eg lot TV´en stå på, men gjekk for å finne meg ei bok i veggseksjonen. Far hadde vore medlem i Det Beste-bokklubben. Eg valgte meg ei bok om ein dyrlege. Mor kom tilbake. Ho vart ståande ved døra. Eg viste fram boka. Mor hadde aldri hatt tid til å lese den, sa ho.

— Eg har tatt opp eit brød frå frysaren, det ligg på kjøkenbenken, sa ho.

Ho gjekk ut, lukka døra etter seg. Eg las ferdig romanen, sløkte lysa og lot varmeomnen stå på.

Mor vekte meg til frokost. Ho hadde laga eggerøre. Eg sa at eg ikkje kunne bli heilt til middag, måtte rekke eit fly i Bergen klokka to. Ho gjekk bort til komfyren, spurde om eg ville ha meir eggerøre. Eg åt ei skive til, så gjekk eg på rommet, pakka kofferten.

Det var ein halvtime til ferja skulle gå. Eg satte kofferten i gangen. Mor kom ut frå kjøkenet, sa:

— Ja, no fere du.

Eg sa:

— Ja, no fere eg.

Så gjekk eg for å nå ferja.